
|
|
Hei, og velkomen til min nettstad...Navnet er Jan Otto og bustad er Florø, norges (nest) vestligste by. På desse sidene vil du finne litt om meg, mine tre vidunderlege barn, mine interesser og hobbyer, først og fremst jakt, fiske og fridykking/UV-jakt, men også foto, fotball, mat og musikk. Du finner i tillegg nokre web-referansar og eit bildegalleri. Når eg ein sjeldan gong har litt fritid, så reiser eg ofte på fjellet, og er det jakt-tid på rype så er børsa med, ellers er flugestonga festa på sekken. Fotoapparatet er obligatorisk. Tar gjerne med eit liggeunderlag, ein sovepose og stormkjøken i sekken hvis det er nokolunde vær til det, då trengst det berre eit par flotte fjellaurar, så er eg i mitt private paradis. Når været er så elendig at det berre er å holde seg inne, så er det fram med flugebindersakane og binde seg opp nokre nye kreasjonar og variantar som skal prøvast på neste tur. Eg er velsigna med tre herlege barn, Marielle (f.-90), Tord Haakon (f.-96) og Gard Eirik (f.-00). Tord og Gard bur hos meg annakvar veke, mens Marielle bur hos sin mor i Haugesund. Etter at eg vart heilfrelst hjortejegar og skaut mitt fyrste dyr, så har matlaging heva seg til eit høgare nivå. Eg må no gjere mitt ytterste for å laga gourmetmåltider av sjølvskote hjortekjøt som berre må overgå min gode ven og jaktlagskamerat Svend Arne's fabelaktige kokkekunstar. Difor tek eg med litt om mat her på sidene mine også. Håper du finner interessant lesing og kanskje tilogmed litt inspirasjon her på nettstaden min.
|